Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2347 bekrefta frå Statsforvalteren i Innlandet at feilen som oppsto på mobilnettet laurdag kveld er retta

Søknad om fri frå den pliktige opplæringa

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Skriftleg begrunna søknad om skulefri skal sendast inn i god tid før tenkt periode for fri.

Korleis søke?

Logg inn i Foresattportalen og søk elektronisk derfra.

Kontaktinfo

Sissel Dahle Lie
Konstituert rektor Lidar skule
E-post
Telefon 99 69 08 13
Siv Theodorsen
Rektor ØSUS
E-post
Mobil 41 76 16 31
Are Alund
Rektor Rogne skule
E-post
Telefon 61 35 24 80
Mobil 99 73 41 75