Vaksenopplæring

Vaksenopplæring omfattar all undervisning for vaksne; psykisk utviklingshemma, innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar og vaksne med rettar. Det blir arrangert kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege vaksne.

Vaksenopplæring kan vere eksamensretta kurs i grunnskulefag eller opplæring til vaksne som etter sakkyndig vurdering fra PPT har særlege behov for spesialundervisning på grunnskulen sitt område.

Framandspråklege vaksne har rett på nivåbasert opplæring i norsk med samfunnskunnskap.

Valdres opplæringssenter for framandspråklege er eit interkommunalt samarbeid mellom Valdreskommunene. (Vestre Slidre, Vang, Nord-Aurdal, Øystre-Slidre, Sør-Aurdal og Etnedal.)

Nivået på språkferdigheiter ein reknar som naudsynt for vidare utdanning og arbeid, er sett til 220 poeng på Språkprøva.

  • Framandspråklege med bakgrunn tilsvarande norsk grunnskulenivå: 850 timar undervisning.
  • Framandspråklege med ingen eller liten skolebakgrunn: 3000 timar undervisning.
     

Kontaktinfo

Anne Mari Stensby
Rådgjevar
E-post
Telefon 61 35 25 56

Adresse

  • Besøksadresse
    Tingvang - Bygdinvegen 1989
    2940 Heggenes
  • Postadresse
    Bygdinvegen 1989
    2940 Heggenes
  • Organisasjonsnummer
    961 382 068