Søk plass i SFO for neste skuleårNo kan du søkje plass i SFO for neste skuleår!Det er tilbod om skulefritidsordning ved Lidar og Rogne skule. SFO er eit tilbod for elevar i 1.-4.klasse, og for elevar med særskilte behov i 5.-7. klasse. Ordinær SFO følgjer skuleruta.Det må søkast om plass i SFO for kvart skuleår.Lidar skuleTilbod om SFO etter skuletid, kl.13.45 - 16.30. Rogne skuleTilbod om SFO før skuletid, kl.07.30 - 09.00 og etter skuletid kl.14.35 - 16.30 (torsdagar kl.15.00 - 16.30).Søk om plass i SFODu søker om plass i SFO her frå Foresattportalen, den har du også tilgang til via appen "Min skole". Når du søker om SFO må du angi kva for dagar barnet skal ha SFO. Det er opningtida for SFO som er tellande for utrekning av opphaldstida. Pris og moderasjonsordningarHer finn du utfyllande informasjon om SFO-tilbodet, pris og moderasjonarSøknadsfristFrist for å søke plass i SFO for skuleåret 2024/25 er 1.mai Publisert 20.03.2024 10.17