Bjørn Kjensli og Rannveig Hovi skriver under protokollen
Forslag til vedtak samrøystes vedteke
Svar på interpellasjon frå Bjørn Kjensli
Øystre Slidre kommune har pr no 207 barnehageplassar. Desse plassane er fordelt slik:
- Rogne – 110 pl
- Beito – 55 pl
- Heggebø – 42 pl
Heggebø friluftsbarnehage SA har gjennom hausten og vinteren utført oppgraderingar av si bygningsmasse. Bakgrunnen for oppgraderingane er todelt. Det har vore sett branntekniske krav til bygningen frå kommunen si side og Heggebø friluftsbarnehage SA ynskjer på sjølvstendig grunnlag å ruste opp bygningen og også auke tal plassar. Heggebø friluftsbarnehage SA har med bakgrunn i oppgraderingane fått innvilga sin søknad om å utvide tal plassar frå 36 til 42. Heggebø har og planar for ytterlegare oppgraderingar med mål om å få godkjend 2.etasjen i bygninga slik at den kan inngå i arealet som kan nyttast til barnehagedrift. Om Heggebø friluftsbarnehage SA realiserar sine planar for 2. etasje, kan dette gje ytterlegare tal plassar.
Det blir gjennomført eit samordna opptak til dei tre barnehagane i kommunen og Heggebø friluftsbarnehage inngår som ein del av barnehagetilbodet i kommunen. Samarbeidet med Heggebø friluftsbarnehage SA blir oppfatta som godt frå kommunen si side.
Det er tilstrekkeleg antal plassar i barnehagestrukturen vi har no, til dei barna som ynskjer plass i barnehagane. Men det vil variere over tid kva barnehage som har balanse mellom tal plassar og tal søkjarar. Det er stort press på plassane i sør for det året vi går inn i, medan det er ledige plassar i Beito barnehage. Før nedlegging av Tingvang barnehage var det ledige plassar i barnehagane, og det kunne gå kort tid mellom søknad om plass og tildelinga av plass. No er det fullt m.a. i Rogne barnehage, og vi kan ikkje gjennom komande år tildela plass i Rogne barnehage til dei som ønskjer det.
Det har vorte trongare i Rogne barnehage når plassane der vert nytta fullt ut. Bemanninga er i samsvar med bemanningsnorm og pedagognorm, dvs. når det vert fleire ungar så følgjer vi opp med fleire tilsette. Det er behovet for å utvide garderobekapasiteten i Rogne barnehage, dette må vi finne ei løysing på.
For komande barnehageår vil den samla kapasiteten bli godt utnytta. Frå 22/23 ser det ut som vi vil ha ledig kapasitet, men vi veit endå ikkje sikkert kor mange born som blir fødde dette året.
Endringa i barnehagestrukturen hadde ein tydeleg økonomisk motivasjon. Denne delen av målsettinga med strukturendringa er oppnådd, jf. årsrekneskap for 2020.
Evaluering av drifta er ein naturleg del av økonomiplanprosessen og rådmannen vil som del av økonomiplanprosessen for 2022 gå gjennom drifta av barnehagane og vurdere behovet for justeringar.
Når det gjeld Tingvang barnehage har den det siste året vore beredskapsbarnehage i høve koronaen. Mesteparten av leikene har blitt nytta av andre barnehagar, men vi har hatt noko att på Tingvang ut frå beredskapsomsynet. Bygningen har vore stengt ned, men vi har hatt jamleg tilsyn. Vi er kjent med at ei bod blei ståande oppe ein periode, og den er no stengt.
Vindauget som var knust i skliehuset, som vart oppdaga for kort tid sidan, er reparert.
Leikeapparatet som er velta, er ein flyttbar plastleike. Den er no sett under tak.
For komande barnehageår ser ikkje rådmannen behov for å ha Tingvang barnehage som beredskapsbarnehage i høve koronaen, og teknisk drift og bustadkontoret har hatt synfaring av bygningen med sikte på å vurdere ei tilpassing av bygningen for å bruke den som bustad. Bygningen var bustad før den vart nytta til barnehage, og vil truleg med relativt enkle grep kunne vera ein tenleg bustad særleg innan flyktningetenesta. Med ønskje om å busetje 20 flykningar i 2021, treng vi fleire bustader.
Odd Erik Holden
Ordførar