Formannskapet vedtek følgjande høyringsuttale til «Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Oppland»:
Kommunen har ingen merknader til områda som er føreslegne i planen.
Vinster-området ligg i hovudsak i statsålmenning, men området omfattar og nokre større private sameiger. Øystre Slidre kommune har i sitt arealplanarbeid i lang tid hatt ei medvite tilhøve til kvalitetane i dette området .
Kommunen har i eksisterande arealplan med bakgrunn i ein eigen plan for stølsområda, klassifisert dei mange stølslaga som særs viktige, og innført eigne reglar for storleik, utforming og høgder knytt til endring av bygningar på eksisterande fritidseigedomar. Kommunen vil vurdere retningsliner for stølsområde i samband med revidering av arealdelen til kommuneplanen. Det har i dette området ikkje vorte etablert nye fritidseiningar på svært mange år. Bygging på stølane er i tillegg til PBL underlagt føringar i fjellova, og blir handsama svært restriktivt, både med omsyn til bruk, arkitektur og storleik.
Generelt er Øystre Slidre kommune av den oppfatning at ein alt i dag har tilstrekkeleg verktøy i eksisterande arealplan til å ivareta mange av dei omsyn som det i høyringsutkastet blir rådd til at vi skal gjera i ny arealplan.
Kommunen har og merka seg at noko av målet med å få ein slik status på området er å legge til rette for området som ein ressurs for innbyggarane og som grunnlag for næringsverksemd. Likevel blir særs bærekraftig bruk av området knytt til sykkelproduktet Mjølkevegen brukt som eit argument for sterkare vern. Det kan vera grunn til å stille spørsmål om kva bruk av desse områda til reiselivsføremål som då ikkje vil vera konfliktfylt, og ein er redd for at målet om å nytte landskapskvalitetane til næringsverksemd blir utfordrande å realisere.
I tilrådingane til retningsliner for omsynssonene er det vanskeleg å sjå at næringsaspektet knytt til landbruks- og reiselivsnæringa har noko fokus. Dei er i hovudsak innretta med tanke på vern. Jotunheimvegen er ein trafikkert sumarveg og Øystre Slidre kommune kan vanskeleg sjå at forslaget til retningsliner for forvaltning av denne vegen er tenleg, verken for trafikksikkerheit, turistproduktet eller landbruksverksemda.
Området er sterkt prega av stølsdrifta, og ei driftsform som diverre er i tilbakegang. Kommunen meiner at vidareføring og styrking av stølsdrifta er svært viktig for å ivareta verdiane i området og byggje opp om landbruksnæringa som ei viktig næring for kommunen. Vi er redd for at auka byråkrati m.a. knytt til etablering av ulike høyringsregimer til regional kulturmiljøforvaltning vil opplevast som tungrodd for landbruket, og gje auka utfordringar med omsyn på å halde talet på stølsbrukarar oppe.
Kommunen ser generelt ei betydeleg nytte av at området er og blir vidare kartlagt for ulike kulturminne og andre landskapskvalitetar, og blir ein del av desse 18 føreslegne «Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse». Dette gir ein nasjonal status og eit betre kunnskapsgrunnlag. Kommunen vil utarbeide omsynssoner i arealplanen, med våre eigne retningsliner for forvaltning, som samla sett er mest tenleg for utvikling av området.