Formannskapet i Øystre Slidre gir etter jordlova sin §§ 9 og 12 løyve til frådeling av tunet på gnr. 39 bnr. 12, som er ein del av landbrukseigedomen gnr.36 bnr. 6, til ei bustadtomt for eksisterande våningshus på kring 1,5 da og til ei næringstomt til påståande verkstadbygg med eit areal kring 3 da. Grunngjevinga for dette er at det er forsvarleg ut frå dei ressursane som ligg til den samla landbrukseigedomen, og at det styrkar busettinga i området og styrkar næringsverksemda I kommunen. Det er eit vilkår at dei bruksnumra som i dag utgjer den samla brukseininga blir slegne saman før deling etter PBL blir gjennomført.
Formannskapet dispenserer frå arealdelen til kommuneplanen, og godkjenner frådeling og omdisponering av tunet på gnr. 39, bnr.12 til bustadføremål med ei tomt på kring 1,5 da. Dispensasjonen er gjeven i medhald av plan- og bygningslovas § 19-2. Formannskapet finn at fordelane ved ei frådeling er langt større enn ulempene i denne saka, og at delinga ikkje strir i mot dei omsyn som planen skal ivareta.
Formannskapet dispenserer frå arealdelen til kommuneplanen, og godkjenner frådeling og omdisponering av tunet på gnr. 39, bnr.12 til næringsføremål med ei tomt på kring 3 da. Dispensasjonen er gjeven i medhald av plan- og bygningslovas § 19-2. Formannskapet finn at fordelane ved ei frådeling er langt større enn ulempene i denne saka, og at delinga ikkje strir i mot dei omsyn som planen skal ivareta.
Formannskapet godkjenner frådeling av tunet på gnr.39 bnr. 12 til bustadføremål, med ei tomt på kring 1,5 da. Godkjenninga er gjort i medhald av plan- og bygningslovas § 20-1 pkt. d. Delingsløyvet er gitt på vilkår av at det blir tinglyst vegrett for eit nytt matrikkelnummer på gnr.39 bnr.12.
Formannskapet godkjenner frådeling av tunet på gnr.39 bnr. 12 til næringsføremål, med ei tomt på kring 3 da. Godkjenninga er gjort i medhald av plan- og bygningslovas § 20-1 pkt. d.
Delingsløyvet er gitt på vilkår av at det blir tinglyst vegrett for eit nytt matrikkelnummer på gnr.39 bnr.12.