Vedtak
Kommunestyret løyver ei samla budsjettramme på kr 250.000, kr 50.000 i 2023 og kr 200.000 i 2024, til arbeidet med ein moglegheitsstudie for etablering av idrettshall midt i bygda, og til eit forprosjekt for utvikling av uteområdet ved ØSUS. Løyvinga i 2023 vert finansiert ved bruk av disposisjonsfondet, og kommunestyret ber kommunedirektøren innarbeide løyvinga for 2024 i komande økonomiplan.
Behandling
Alice Gudheim la fram følgjande forslag til vedtak:
Kommunestyret løyver kr 100 000 til forprosjekt for å utvikle og ruste opp uteområdet ved ØSUS. Forprosjektet skal vera ferdigstilt i løpet av 2023 og delar av tiltaka skal gjennomførast i 2024.
Løyvinga vert finansiert ved bruk av disposisjonsfondet.
Forslaget frå Alice Gudheim vart sett opp mot tilrådinga. Tilrådinga vart vedteke med 15 mot 5 røyster (H, V og 1 Sp).