Bortfall av elektronisk kommunikasjon (EKOM) betyr at du ikkje kan ringe, sende sms, bruke internett eller mobilnett.
Informasjonspunkt i Øystre Slidre kommune
Ved langvarig og fullstendig bortfall av elektronisk kommunikasjon (mobiltelefon og internett) i heile kommunen, vil kommunen normalt opprette informasjonspunkt som du kan nytte om du har behov for kontakt med naudetatane (politi, brann eller akutt helsehjelp). Merk at det vil ta tid før informasjonspunkta blir operative.
I Øystre Slidre er informasjonspunkta:
- Moastogo ved Øystre Slidre Helsetun, Bygdinvegen 2120, Heggenes.
- Beito Resort Hotel, Bygdinvegen 3812, Beitostølen.
På desse stadene vil du møte ein representant som kan varsle naudetatane for deg. Informasjonspunkta er i første omgang meint som ein plass for innbyggjarar som har ein naudsituasjon og som har behov for kontakt med naudetatane.
Om bortfallet strekker seg over heile kommunen og varar over fleire dagar, vil kommunen også normalt oppbemanne informasjonspunkta, slik at dette også vil vere ein stad der du vil kunne motta viktig informasjon.
Legevakt
Legevakta vil fungere som vanleg. Om du har behov for akutt helsehjelp bør du vurdere om det heller er enklare/betre å reise rett til legevakta enn å ta turen om informasjonspunktet.
- På dagtid (08-15) måndag - fredag er legevakta på legekontoret på Heggenes, Bygdinvegen 2136, Heggenes.
- På kveldstid, natt og i helgene finn du legevakta på Valdres Lokalmedisinske Senter, VLMS, Garlivegen 14, Fagernes.