Vedtak
1. Kommunestyret vedtek økonomiplan 2024-2027 med årsbudsjett for 2024 i samsvar med spesifikasjonane i vedlagd dokument, «Løyvingsoversikt drift etter § 5-4 første ledd", «Løyvingsoversikt drift etter § 5-4 andre ledd", og med dei endringane som vart vedteke i møtet. “Økonomisk oversikt drift etter § 5-6”, “Løyvingsoversikt investering etter § 5-5 første ledd”, “Løyvingsoversikt investering etter § 5-5 andre ledd, og med dei endringane som vart vedteke i møtet.
2. Gebyr og betalingssatsar i samsvar med «Gebyrliste", og med dei endringansne som vart vedtke i møtet.
3. Skatt på inntekt og formue vert skriven ut etter høgast lovlege satsar.
4. Kommunestyret vedtek med heimel i §§ 2 og 3 bokstav a) i eigedomsskattelova å i 2024 vidareføre utskriving av eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. Den generelle skattesats skal vera 7 promille av takstverdien. For bustader og fritidsbustader skal skattesatsen vera 4 promille, jf. eigedomsskattelova § 12 bokstav a).
5. Kommunestyret vedtek at det blir skrive ut skatt på det særskilte fastsette skattegrunnlaget frå tidlegare verk og bruk, redusert med seks sjudelar i 2024, jf. eigedomsskattelova §§ 3 og 4 første ledd. Skattesatsen på særskilte skattegrunnlaget skal vera 7 promille (overgangsregel til esktl. §§ 3 og 4, første ledd).
6. Eigedomar som har fått fritak for eigedomsskatt i 2023 får tilsvarande fritak for 2024.
7. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen rammer og retningsliner vedteke av sakkunnig takstnemnd 21.2.2018 (jf. eigedomsskattelova § 10).
8. Eigedomsskatten blir skrive ut i fire terminar, jf. eigedomsskattelova § 25, 1. ledd. Terminane er 10.2., 10.5., 10.8. og 10.11.
9. I samsvar med behov for lånefinansiering får kommunedirektøren fullmakt til å godkjenne lånevilkår til investeringar i 2024 med kr 5.000.000 frå Husbanken til vidareutlån, og kr 105.300.000, med fråtrekk av ubrukte lånemiddel per 1.1.2024 ( jf. kommunens finans- og gjeldsreglement), til andre investeringar i 2024.
10. Kommunen skal ha 100% kostnadsdekning gjennom gebyr på sjølvkostområda vatn, avløp, slam, renovasjon, feiing, oppmåling/eigarseksjonering, spreidd avølp, bygge-/delesak og private planforslag.
Behandling
Mette Christiansen (Ap) la fram følgjande forslag til endring av økonomiplan 2024-2027:
Styrke leiarressurs Rogne barnehage, 300 000, for heile økonomiperioden 2024-2027.
Auka løyving til lærebøker/undervisning materiell 300 000, for årsbudsjett 2024
Eigenbetaling kulturskole, redusert inntekt 30 000, for årsbudsjett 2024
Inndekning av dette som flg:
Formannskapspotten 500 000, for årsbudsjett 2024 og 300 000 i 2025-2027
Redusert post på utgreiing av Fleirbrukshall 130 000, for årsbudsjett 2024
Trond Rogne (V) la fram følgjande forslag til endring av økonomiplan 2024-2027:
Bente Oxhovd (H) bad om gruppemøte.
Trond Rogne (V) trakk forslaget sitt.
Gunnar Thue (H) la fram følgjande forslag til endring av økonomiplan 2024-2027:
Auka løyving til aktivitetsleiar, Helsetunet 120 000, heile økonomiplanperioden.
Redusert løyving til utgreiing nytt helsehus,
med redusert overføring frå drift til investering 400 000, årsbudsjett 2024 overført fond og bruk til aktivitsleiar
Redusert løyving til nærmiljøanlegg Klyppemyrhaugen,
med redusert overføring frå drift til investering 700 000, årsbudsjett 2024 overført fond og delvis brukt til aktivitetsleiar
Mette Christiansen (Ap) la på vegne av Ap, Sv, og V fram følgjande justert forslag til endring av økonomiplan 2024-2027
300´ til leiarresurs Rogne barnehage (2024-2027)
2024:
200´til 3 skoler pluss kulturskole undervisnings materiell, 50’ til kvar
30´til redusert eigenbetaling kulturskole
Finansiering 2024:
400’ frå formannskapspott
130´frå planarbeid fleirbrukshall
Finansiering 2025-2027:
300’ frå formannskapspotten
Tor Oxhovd (H) la fram følgjande forslag til nytt punkt 11 i tilrådinga:
Revidering av gebyrregulativet, spesielt pkt. 341, 351, 492, 2.1.3 ABC skal gjennomførast 1. halvår 2024.
Det vart røysta over forslaga:
Forslaget frå Gunnar Thue fekk 4 røyster (H) og fall.
Forslaget frå Tor Oxhovd vart samrøystes vedteke.
Forslaget frå Mette Christiansen vart røysta over punktvis med følgjande resultat:
300´ til leiarresurs Rogne barnehage (2024-2027)
16 røyster (Ap, Sv, V, H, 2 Sp) for forslaget, 4 røyster(Sp) mot.
2024:
200´til 3 skoler pluss kulturskole undervisnings materiell, 50’ til kvar
Samrøystes vedteke.
30´til redusert eigenbetaling kulturskole
Samrøystes vedteke.
Finansiering 2024:
400’ frå formannskapspott
130´frå planarbeid fleirbrukshall
Vedteke mot ei røyst (Sp).
Finansiering 2025-2027:
300’ frå formannskapspotten
Vedteke mot to røyster (Sp).
Etterpå vart tilrådinga i økonomiplanen samrøystes vedteke.