Vedtak
Formannskapet gjev dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel og godkjenner frådeling av ein bustadtomt med eit areal på om lag 2,4 dekar frå eigedom gnr. 39 bnr. 4 slik det går fram av figur 5 i tilleggsopplysningar. Grunngjeving for dette er at fordelane ved ei frådeling er klart større enn ulempene og at dispensasjonen ikkje strir mot omsyn planen skal ivareta. Dispensasjonen er gjeve i medhald av plan- og bygningslova § 19-2.
Formannskapet godkjenner frådeling av ei bustadtomt med eit areal på om lag 2,4 dekar frå eigedom gnr. 39 bnr. 4 slik det går fram av figur 5 i tilleggsopplysningar. Grunngjeving er at ei frådeling av ei bustadtomt vil bidra med å styrke busetjinga i området og bidra til generasjonsskifte på garden. Vedtaket om frådeling er gjort i medhald av § 12 i jordlova.
Formannskapet godkjenner frådeling av ei bustadtomt med eit areal på om lag 2,4 dekar frå eigedom gnr. 39 bnr. 4 slik det går fram av figur 5 i tilleggsopplysningar. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 20-1, litra m.
Vilkår frå frådelinga er at nybygg på eigedommen skal tilkoplast kommunalt avløp, eventuelt etablere mellombels privat avløpsanlegg dersom kommunalt anlegg ikkje er bygd ut i området. Eigedomen må kople seg til kommunalt avløpanlegg når det vert ført fram til området. Eigedomen skal kople seg på Vindin Vassverk sitt anlegg for vassforsyning.
Behandling
Samrøystes vedteke.