Vedtak
Kommunestyret vedtek reguleringsplan for detaljregulering for Liahaugstølen slik det går fram av vedlagt plankart og vedlagte føresegner og plandokument dagsett 15.09.2023. Vedtaket er gjort i medhald av plan og bygningslova § 12-12.
Behandling
Bente Oxhovd (H) opplyste at ho er medeigar i selskapet som har fremma planforslaget, og bad om å få vurdert sin habilitet. Formannskapet fann Bente Oxhovd inhabil i saka. Gunnar Thue møtte som vararepresentant.
4 (Ap, Sp, H) stemte for tilrådinga, 1 (Sv) stemte mot tilrådinga.