Informasjon om SvarUTØystre Slidre kommune nyttar SvarUt slik at du kan få elektronisk post på ein trygg og enkel måte. Her finn du litt informasjon om korleis tenesta verkar og korleis du oppretter eiga postkasse om du ikkje har gjort det enno. SvarUT Digital postkasse Innbyggjarar i Noreg kan motta post frå det offentlege digitalt. Løysinga heiter Sikker Digital Post (SDP). Det er to digitale postkassar i velje mellom: Digipost e-Boks Begge postboksane er gratis så lenge du ikkje lagrar store mengder data. Viss du ikkje har oppretta digital postkasse vil dine elektroniske brev bli levert til Altinn (der du før skattemeldinga di). Når me sender elektronisk post til deg, får du varsel på SMS eller e-post om kvar du skal logga deg inn for å lesa brevet. Her kan du opprette digital postkasse og få meir informasjon https://www.norge.no/nb/velg-digital-postkasse Fakta om digital post til verksemder og organisasjonar I Altinn er det normalt berre dagleg leiar og styreformann som har tilgang. Det kan vere fornuftig å delegere rolle og rettar til å opne post på vegne av verksemda til administrativt personale. Det er også mogleg å setje opp ei varslingsteneste i Altinn slik at det er administrativt personale som får melding når det kjem ny post til verksemda/organisasjonen i Altinn. Fakta om digital post til innbyggjarar Forvaltningslova vart i februar 2014 endra slik at digital kommunikasjon er hovudregelen når offentlege verksemder (stat, kommune og fylkeskommune) vender seg til innbyggjarar og verkdsemder. Viss innbyggjar ikkje ønskjer digital kommunikasjon, må innbyggjaren reservera seg. Adresseoppslag - Folkeregisteret Uavhengig om posten vert sendt digitalt eller på papir, så nyttar me mottakar si adresse registrert i Folkeregisteret. Du kan sjå og eventuelt oppdatere dine folkeregistrerte opplysningar på www.skatteetaten.no/person/folkeregister Kvifor treng eg digital post når eg har e-post? Det offentlege kan ikkje sende gradert informasjon, som til dømes helseopplysningar, på e-post. Manglande kryptering i e-postløysingar gjer dette til ein usikker kanal. Digital post er kryptert og er difor ein sikker kanal som no skal innførast i alle kommunane i landet. Kva viss eg ikkje vil ha elektronisk post? Dei som ikkje har digital postkasse, vil få brevet i postkassa som før. Viss du får varsel om at du har motteke digital post på Altinn, har du to dagar på deg til å logge inn på Altinn og opne brevet. Blir ikkje brevet lest innan to dagar vil du få tilsendt brevet som papirbrev per post. Reservasjon mot elektronisk post Viss du framleis vil ha brev på papir, kan du reservere deg mot kommunikasjon på nett. Det gjer du ved å ta kontakt med nasjonalt kontakt- og reservasjonsregister eller ringe 800 30 300. Meir informasjon om reservasjon finn du på www.norge.no/nb/reservasjon Sist endra 18.12.2019 14.42