Er du førebudd på ei krise?

Vi lever i ei uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og - i verste fall - krigshandlingar kan ramme oss.

Korles vil du og dine næraste klare dykk dersom straumen blir borte i ein lengre periode? Kva om mobilnettet forsvinn og datalinjene er nede? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke?

Under har kommunen samla ulike råd til korleis du kan førebu deg på slike situasjonar. 

 

Artikkelliste

Beredskap/vakttelefonar
  • Brann: 110
  • Politi: 112
  • Medisinsk nødtelefon: 113
  • Legevakt: 116117
  • Døgnvakt for veg, vatn og avløp: 481 29 509
  • Vakttelefon for skadde og daude beitedyr i utmark: 909 26 339 (bemanna i beitesesongen)
  • Veterinærvakt: 61 36 05 55
  • Ved viltpåkjørsel, ring politiet: 02800