Alle offentlege nettstader og appar skal ha ei tilgjengelegheitserklæring, og appar er òg omfatta av det same frå 1. februar 2024. Tilgjengelegheitserklæringa hjelper verksemdene med å få oversikt over status og gjev brukarane av løysingane høve til å gje tilbakemelding når nettstaden eller appen ikkje fungerer for dei.
UU-tilsynet
Tilsynet for universiell utforming av ikt har ansvar for å føljge opp forskrift om universiell utforming a ikt-løysingar, knytt til likestillings- og diskrimineringslova.
På nettsida uu.tilsynet.no finn du meir informasjon om universiell utforming av ikt-løysingar.
Tilgjengelegheitserklæringar
Tilgjengelegheitserklæring for Øystre Slidre kommune si nettside finn du her
Tilgjengelegheitserklæring for Webcruiter finn du her
Manglar og alternativ
Vi kan ikkje garantere full tilgjengelegheit for alle dokument og innhald. Nokre Word- og PDF-filer kan ha manglar, og vi rettar feil når vi får melding om dei. Innhald frå tredjepartsleverandørar, som karttenester og skjema, kan òg ha avgrensa tilgjengelegheit.
Mangel på kompabilitet
Microsoft Explorer støttar ikkje all funksjonalitet på nettstaden. Dette kan òg gjelde mindre brukte nettlesarar som Vivaldi, Opera og Firefox. Testing blir hovudsakleg gjort med Chrome og Edge.
Gi oss tilbakemelding
Har du problem med å bruke nettstaden, eller synest du språket er vanskeleg å forstå? Vi vil gjerne gjere det betre!
Send oss gjerne ei tilbakemelding i e-post: post@oystre-slidre.kommune.no