Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 1400 bekrefta frå Statsforvalteren i Innlandet at feilen som oppsto på mobilnettet i går kveld er retta.

(Denne meldinga vart publisert kl 1400 den 30. april 2024)

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal føre fortløpande kontroll med forvaltninga i kommunen på vegne av kommunestyret. Kontrollutvalet sine oppgåver og roller er definert i kommuneloven og i forskrift om kontrollutval og revisjon.

Kontrollutvalet skal ikkje overprøve politiske prioriteringar.

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan og kan ikkje handsame klager på enkeltsaker. Slike klager skal gå til kommunen.

Kontrollutvalet kan likevel med bakgrunn i konkrete saker, på eige initiativ eller oppfordring frå innbyggarar, vurdere om det er behov for å handsame ei sak i utvalet. Kontrolutvalet set difor pris på innspel frå innbyggarane i kommunen.

Kontrollutvalet 2023 - 2027

  • Tor Skattebo (SP)
  • Svein Erik Lunde (V)
  • Signe Skammestein (SP)
  • Sigbjørn Steinsrud (H)
  • Berit Holterman Flaaten (AP)

Sekreteriatet for kontrollutvalet

Lukkeleik AS

anne-marte.for@kusekvaldres.no

Møteplan

Møteplan for kontrollutvalet i Øystre Slidre 2023

Kontaktinfo

Sekreteriat for kontrollutvalet
E-post