Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Øystre Slidre ønskjer å rette fokus mot og stimulere bedrifter og miljø i kommuna vår som set fokus på menneske sine moglegheiter.
Rådet har eit ønskje om å dele ut eit diplom til nokon som har utmeka seg særskild når det gjeld å leggje til rette for menneske med nedsett funksjonsevne gjennom universiell utforming eller ved å leggje til rette det fysiske, psykososiale eller digitale milljøet. Dette viser haldning og atferd gjer at alle kan oppleve seg fullt integrert og respektert.
Diplomet vil bli delt ut årleg.
Kandidatar
For å kunne dele ut diplom treng vi hjelp. Hjelp til å finne gode kandidatar.
Om du kjenner til ei verksemd, miljø eller nokon du meiner gjer seg forgjent til ei slik utmerking, er det flott om du sender inn eit kortfatta forslag til leiar av rådet.
Kontaktinformasjon
Send inn ditt forslag til Tove Grethe Kolstad på e-post: tove.grethe.kolstad@oystre-slidre.kommune.no
Forslag må sendast inn innan 1.desember.