Ungdomsrådet består av elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Ungdomsrådet skal vere ein aktiv pådrivar i lokalsamfunnet for å skape eit godt ungdomsmiljø. Ungdomsrådet skal innanfor dei rammene kommunestyret set, gjennomføre aktivitets- og miljøskapande tiltak for ungdom. Ungdomsrådet skal vere rådgjevar for kommunen i ungdomspolitiske saker. (Retningsliner for ungdomsrådet, sak 0003/02)