Manntalet er ei liste over alle personer som har stemmerett ved val i Norge.
Det er folkeregisteret som blir lagt til grunn for manntalet. Kvar du er manntalsført og har stemmerett, er difor avhengig av i kva for kommune du er folkeregistrert som busett per 30.juni kvart valår.
Dersom du registrerer flytting til ein anna kommune etter 30.juni i valåret, har du stemmerett i din gamle bustadskommune.
Kva om eg bur i utlandet?
Som busett i utlandet er du som hovudregel innført i manntallet. Unntaket er om du har budd i utlandet i meir enn ti år. Om det er tilfelle, må du søke om innføring i manntalet i den kommunen du sist var folkeregistrert for at stemma di skal bli godkjent.
Manntalet er med på å sikre korrekte val
Når du stemmer blir legitimasjonen din sjekka opp mot manntalet for å stadfeste at du har stemmerett. Etter at du har lagt stemmesetelen i urna blir du kryssa i manntalet av stemmemotttakaren. Når du er kryssa i manntalet kan du ikkje om bestemme deg og stemme om igjen.
Korleis kan eg sjekke om eg er manntalsført, og i kva for kommune?
Alle kommunar i Norge er pålagde å skrive ut ei sokalla utleggingsmanntal. Dette er eit manntal som blir gjort offentleg tilgjengeleg og der du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar, og eventuelt sende inn ei klage dersom det er feil i manntalet.
Kommunen har ikkje lov til å publisere manntalet elektronisk, det skal berre føreligge i papirutgåve.
I Øystre Slidre kommune er manntalet lagt ut til gjennomsyn på sentralbordet på Tingvang. Det ligg ute frå og med ca. 10.juli til og med 8.september.