Avlasting

Beskriving

Har du omsorgsoppgåver som gjer at du har behov for avlasting? Kommunen kan til dømes gje avlasting i form av heimehjelp, dagtilbod eller avlastingsopphald på sjukeheim. Avlastinga skal gje deg rom for normal fritid, høve til å reise på feriar og tid til å halde fast ved det sosiale nettverket ditt.

Målgruppe

Den som yter omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande

Kriterium

Du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen

Det er kommunen som i samarbeid med deg bestemmer kva tenester ein skal gi.

Pris

Tenesta er gratis.

Handsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan klage på avgjerda. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.

Oppdatert

25.09.2017 19:05:09

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.

Kontaktinfo

Øystre Slidre helsetun
Telefon 61 34 28 70