Flyktningteneste

Flyktningtenesta i Øystre Slidre er administrativt lagt til området opplæring og kultur. Introduksjonsopplæringa blir gjeve av tilsette i flyktningetenesta. Pr i dag foregår opplæringa i Klima+ bygget på Tingvang 

Introduksjonsprogrammet tek sikte på å gje grunnleggjande ferdigheiter i norsk, grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv og forberede for deltaking i yrkeslivet.  Introduksjonsprogrammet varar som regel i to år på heiltid.

Kommunen arbeider for at flyktningane blir godt kjende med lokalsamfunnet dei bur i og med lag og organisasjonar som har tilbod på fritida. Det er og positivt at lokalsamfunnet blir betre kjende med flyktningane som enkeltmenneske, ikkje berre ei gruppe. Bli-kjend-kveldar, aktivitetsdagar, utstyrssentral for utlån av friluftsutstyr, språkpraksisplassar i arbeidslivet og faddergrupper som kan vere "gode naboar", er nokre av dei tiltaka vi ynskjer skal bygge ned hinder for integrering og bygge opp det vi kallar "kvardagsintegrering". 

Kommunen ynskjer å legge til rette for at dei vi buset i vår kommune skal oppleve å bli møtt med respekt, toleranse og ei klår forventning om snøgg samfunnsdeltaking.

 

Kontaktinfo

Nina Dalsegg
Leiar flyktningtenesta
E-post
Telefon 90 11 45 75