KvardagsrehabiliteringKva er kvardagsrehabilitering? Ei førebyggjande helseteneste retta mot heimebuande eldre Føremålet med tenesta er at brukaren kan bu heime lengst mogleg og delta aktivt i eige liv Brukaren skal delta aktivt i rehabiliteringa og jobbe saman med eit tverrfagleg team for å nå måla sine Trening mot målet skjer i heimen til brukaren, i ei intensiv og tidsavgrensa periode Kvardagsrehabilitering - brosjyre Brosjyre (PDF, 489 kB) Kven er vi? Kvardagsrehabilitering vert driven av eit team beståande av hjelpepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og heimetrenarar. Målgruppe Du som opplever plutseleg eller gradvis fall i funksjonsevne Du som opplever at daglege aktivitetar og gjeremål begynnar å bli ei utfordring. Du som skal heim etter sjukehusinnlegging eller korttidsopphald på sjukeheim Du som ber om tenester (heimeteneste, heimesjukepleie, avlasting) for fyrste gong eller opplev auka behov for tenester Du som søkjer hjelpemiddel Korleis få tilbod om tenesta? Ring eller ta kontakt via Systemkontoret i Helse og omsorg Fastlegen kan vidareformidle for deg til teamet Alle søknadar blir handsama i inntaksmøtet Kva kostar tenesta? Tenesta er gratis. Sist endra 08.03.2018 15.09