Sterk og stødig
Om tilbodet
Fallforebyggjande trening, med styrke og balansetrening for seniorar (65+) som føler seg litt ustø eller merker begynnande funksjonssvikt. Treninga fyljer ein fast mal som tek i bruk treningsprinsipp og øvingar både sitjande og ståande som gjer effekt på beinstyrke og balanse. Gruppa er leia av våre dyktige Sterk og stødig instruktørar som får oppfylging av kommunale fysioterapeutar. Etter treninga er det veldig triveleg om de tek ei lite sosialt treff med gruppa med matpakke etc.
Kven passar det for?
Seniorar (65+), som bur i eigen heim, og som klarar seg så godt som utan hjelp frå kommunen. Bruker ikkje ganghjelpemiddel innandørs. Du klarer å komme deg til og frå trening på eigenhand. Prat med legen din om treninga dersom du har sjukdomar du må ta hensyn til.
Kvar og når?
Vi har 4 aktive grupper i kommunen som trener kvar veke i skuleruta. Gruppene våre har plass til om lag 12 personar + instruktør og krev påmelding.
Moatunet, Moavegen 11, 2940 Heggens
Storsalen på Tingvang, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Solhaug samfunnshus, Bygdinvegen 1286, 2943 Rogne
Beitostølen Helsesportsenter, Sentervegen 4, 2953 Beitostølen
Torsdagar 12:15 - 13:15
Pris
Gratis.
Du treng klede som er lette å bevege seg i, innesko og drikkeflaske.
Påmelding/spørsmål
Vi har fortløpande opptak og du treng ikkje frisklivsresept, og påmelding skjer via SMS eller e-post til Maren/Frisklivskoordinator på: 469 41 295 / maren.rakstad.gunderhuset@oystre-slidre.kommune.no. Alle som har meldt seg på vil motta ein telefon frå ansvarleg fysioterapeut med nokre spørsmål om balanse og gangfunksjon.
Les meir om Sterk og stødig her
Vil du bli instruktør?
Sterk og Stødig-treningsgrupper blir drifta av frivillige instruktørar, som har gjennomgått instruktørkurs og fyrstehjelpskurs. Du treng ikkje ha erfaring med grupper eller trening frå før. Dersom du har eit ynskje om å drive eigne sterk og stødig-treningsgrupper, vil du få opplæring og oppfylging av fysioterapeutar slik at du kan bli trygg på øvingane og instruktørrolla. Du vil også få tilgang til sterk og stødig materiale, med gode bilete og skildringar av treningsøvingane.
Som frivillig er det ynskjeleg at du gjennomfører ei trening i veka. Deltaking på sosialt treff i etterkant er frivillig. Friskliv/ Fysioterapeutane har ansvar for å ta imot påmelding, ordne lokale og skaffe vikarar ved behov. Ditt ansvar som frivillig instruktør er kun å møte opp og gjennomføre treninga, eller gje beskjed dersom du er borte.
Er du nysgjerrig på instruktørrolla? Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer meir informasjon eller har ynskje om å hospitere på ei av våre treningsgrupper.
Sertifisering av frivillige instruktørar:
Instruktørkurset går over 3 dagar og blir leia av ansvarleg fysioterapeut i kommunen. Det vil vera to kursdagar med informasjon og praktisk øving, og ein dag med sertifisering der ein får anledning til å leie ei kort treningsøkt saman med dei andre kursdeltakarane. Dette er ei god moglegheit til å få praktisk øving før ein sjølv er ansvarleg for ei gruppe.
Før ein startar opp med eigne grupper må ein også ha gjennomført eit fyrstehjelpskurs
Er du interessert i å vera instruktør? Ta kontakt med Friskliv og/eller ansvarleg fysioterapeut i kommunen.