Legetenesta i Øystre Slidre Legetenesta i Øystre Slidre held til i helsehuset på Heggenes (rett nord for Coop PRIX Heggenes). Time- og reseptbestilling elektronisk Frå og med 01.01.2021 vil det vere mogleg å bestille legetime og fornye resept elektronisk via helsenorge.no Innlogging til løsningen skjer med elektronisk id, t.d. bankid. Informasjon i samband med koronapandemien Ingen pasientar skal kome til legekontoret utan avtale, alle må ringe på førehand. Legekontoret er ope for pasientar som treng augeblikkeleg hjelp, men ring fyrst. Har du avtale om rutinekontroll og er usikker kring denne; ring legekontoret. Har du vond hals eller hoste skal du ikkje kome til legekontoret, men ringe dei. Det er innført plikt til å bruke munnbind i legetenesta i Øystre Slidre kommune. Gjeld både besøkande på legekontoret og tilsette i tenesta. Alle besøkande må ha med munnbind og påføre seg dette før ein går inn på venterommet og behalde det på til evt. annan beskjed blir gjeve Pakkeforløp psykisk helse og rus Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukarar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, ev. pårørande, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar. Måla med pakkeforløp for psykisk helse og rus er: Auka brukarmedverknad og meir tilfredse brukarar Samanhengande og koordinerte pasientforløp Unngå fagleg ugrunna ventetid for utdredning, behandling og oppfølging Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kvar i landet dei bur Betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar Dei tre første pakkeforløpa er lansert i september 2018, og tas i bruk frå 2019. Pasientar kan tilvisast til følgjande pakkeforløp frå 01. januar 2019: Utredning og behandling i psykisk helsevern, vaksne. Utredning og behandling i psykisk helsevarn, barn og unge. Tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) Pasientar kan tilvisast til følgjande pakkeforløp frå 15.februar 2019: Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar Utredning og behandling av tvangsliding (OCD) Spiseforstyrringar hos barn og unge Det vil også komme pakkeforløp for gravide og rus og eit samhandlingsforløp psykisk helse/rus-barnevern i løpet av 2019. Meir informasjon finn du på nettsiden til Helsedirektoratet - Pakkeforløp for psykisk helse og rus. Sist endra 16.03.2021 09.51