Vaksinering

Helse- og omsorgstenesta tilbyr deg vaksinering mot smittsomme sjukdommar. Ta kontakt med fastlegen eller helsestasjonen. Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld

  • barnevaksinasjonar til alle barn i førskule- og grunnskulealder
  • årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette
  • vaksinasjon mot pandemisk influensa
  • andre vaksinar til visse risikogrupper (t.d. pneumokokkvaksine, hepatittvaksine, BCG)

Vaksinasjonsprogram for vaksne

Vaksinasjonsprogrammet for vaksne er eit tilbod til innbyggjarane i kommunane om vaksine mot korona og influensa for alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper. I tillegg får 65-åringar tilbod om vaksine mot pneumokokksjukdom.

FHI si tilråding om oppfriskingsdose for korona gjeld dei som er 75 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper, men alle mellom 65 og 74 år kan likevel få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei ønskjer det. Målet med vaksinasjonsprogrammet er å førebyggje sjukdom og dødsfall. Det vil bli sendt påminningar til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinetilbodet.

Meir informasjon om vaksinasjonsprogrammet for vaksne finn du på fhi.no

Vaksinar til barn

Helsestasjonen tilbyr vaksinering til alle barn busett i Noreg i tråd med Barnevakinasjonsprogrammet.

Meir informasjon om vaksinasjonsprogrammet for barn finn du på fhi.no

Opplysningar om vaksinar du har fått

I Helse Norge sin vaksinetjeneste kan du sjå oversikt over alle vaksinar som er registert på deg og dine barn under 16 år i Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK, som Folkehelseinstituttet er anvsvarleg for. Du kan og skrive ut vaksinasjonskort på bokmål og engelsk.

Logg inn i Helse Norge for å sjå dine vaksinar

Influensa- og koronavaksine

Tilbod om influensa- og koronavaksine blir annonsert på kommunen sin nettside kva haust. Har du spørsmål om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret, tlf 61 35 29 00.

Kontaktinfo

Kommunelege / Helsestasjon

Kommunelegen: tlf. 61 35 29 00

Helsestasjonen: tlf. 61 35 24 90