Psykososialt kriseteam - informasjon til deg som har opplevd ei dramatisk hending

Psykososialt kriseteam er eit tverrfagleg team som yter psykososial førstehjelp ved kriser, ulykker og katastrofer. Det kan dreie seg om alvorlege, dramatiske og traumatiske hendingar som til dømes ved sjølvmord, ulykke eller drap, brå og uventa død, brå og uventa trussel på liv og helse.

Dei fleste menneske vil meistre krisesituasjonar som oppstår i dagleglivet utan behov for hjelp av lege, psykolog eller andre fagfolk.  Nokon vil og trenga hjelp i form av møte og samtaler med helsepersonell eller prest.  

Kven kan få hjelp?

Alle som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen har etter helse- og omsorgstenesteloven rett på hjelp og støtte av kriseteamet. Det gjeld både den eller dei som er direkte berørte, pårørande eller er vitne til hendelsen. Psykososialt kriseteam er eit gratis lavterskeltilbod utan krav om søknad. 

Korleis kan ein få hjelp av kriseteamet?

Kriseteamet kan bli aktivert av kommunen sin ledelse, legevakt, brannvern eller politi. Du kan sjølv ta kontakt med legevakt på telefon 116 117 om det er behov for psykososialt kriseteam.

Målet med psykososialt kriseteam

Å bidra til at ramma og berørte enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn får tilbod om forsvarleg psykososial oppfølging og støtte dei fyrste timane og dagane i etterkant av ei traumatisk hending. 

Kriseteamet har fokus på å normalisere livssituasjonen, bistå i naudsynte praktiske oppgåver, mobilisere nettverk og å førebyggje at traumatiske hendingar utviklar seg til psykiske langtidsskadar.

Teamet sørger for naudsynt oppfølgjing fram til ordinære tenester kan overta.

Informasjon på internett

Dersom du ønskjer å lese meir om det som skjer med menneske som opplever sorg og krise, er det fleire nettsider som gir god informasjon. Til dømes nettsida www.kriser.no

Det er ei eiga nettside for ungdom som opplever sorg, www.ung.no