Følgjebevis for funksjonshemmaBeskrivingEr du funksjonshemma, kan du søkje om å få skrive ut eit følgjebevis. Følgjebeviset skal gje den personen som følgjer deg, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel. Beviset blir skrive ut til deg. KriteriumDet blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd. Pris Følgjebeviset er gratis. HandsamingSend inn søknad saman med legeerklæring/uttale frå din lege som dokumenterar behov for følgjebevis og eit bilete. Deretter blir det gjort eit vedtak. VedleggPassfoto BrosjyrarStatens råd for funksjonshemma har informasjon om ordninga. Oppdatert28.09.2017 16:58:56