Parkeringsløyve for forflytningshemma (HC-kort) - Øystre Slidre kommune

Parkeringsløyve for forflytningshemma (HC-kort)

Er du bilførar eller passasjer og har særlege problemer med å bevege deg over lange strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for forflytningshemma.  

Informasjon om parkeringsløyve (HC-kort)

Det er ikkje nok å peike på ein sjukdomstilstand som avgrensar rørsleevna, du må også grunngje kvifor det vanlege parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg til å dekke ditt behov.  

For å få parkeringsløyve må du

  • ha legeattest som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg nokre lengdar.
  • kunne dokumentere eit særleg behov for å parkere nær bustad, arbeidsplass, skule eller annan aktivitet.
  • ved søknad som førar av bil, må du legge ved kopi av førarkortet ditt.

 

For passasjer gjeld i tillegg at du må ha behov for regelmessig og omfattande hjelp av førar utanfor bilen.

Parkeringsløyve er personleg, det er forbode for andre å nytte kortet. For at kortet skal vere gyldig når du er passasjer, må du sjølv vere med i bilen ved parkering. 

Meir informasjon om ordninga finn du på Statens vegvesen si nettside

Slik søker du om parkeringsløyve for forflytningshemma

Du må fylle ut søknadsskjema. Saman med søknaden skal du sende inn legeerklæring og eit passfoto. Under finn du lenke til søknadsskjema og mal for legeerklæring, dokumenta kan skrivast ut frå lenkane.

Søknadsskjema for parkeringsløyve for forflytningshemma finn du her (PDF, 836 kB)

Mal for legeerklæring med veiledning finn du her (PDF, 646 kB)

Malen for legeerklæring skal lege fylle ut.

Slik sender du inn søknaden til kommunen

Søknadskjema, legeerklæring og passfoto sendast til Tildelings- og bustadkontoret i Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes.

Treng du veiledning?

Treng du veiledning til å fylle ut sønknaden kan du ta kontakt med tildelings- og bustadkontoret tilf 61 34 28 70, i tidsrommet kl.10.00 - 15.00, måndag - fredag.

Kontaktinfo

Tildelings- og bustadkontor
Telefon 61 34 28 70

Opningtid

Måndag - fredag 08.00 - 15.00