Ungdomsklubb tilbod
Øystre Slidre kommune driv organisert ungdomsklubbtilbod for ungdom frå 8.klasse - 3.vgs i Gapahuken. Tilbodet fylger skuleruta og er ope torsdagar frå 14.30 - 17.30 og fredagar kl.18.30 - 22.00.
Ungdomsklubben tilbyr eit variert tilbod til ungdom, med fokus på inkludering gjennom tilrettelegging av aktivitet, meistring, samhald og sunne verdiar. I Gapahuken er det lov å vere ung og leiken, men me akspeterar ikkje mobbing, rasisme, ekskludering og nedsettande prat.
Ungdomskonsulenten er leiar for aktiviteten i Gapahuken, saman med tre tilsette og ein lærling. I tillegg organiserar FAU ved ØSUS natteramnar på fredagane. Klubben har ei eiga frivilliggruppe med ungdom som er med på å planlegge og gjennomføre aktiviteten.
Tingvang kulturarena
- skatepark, konsertamfi, bibliotek, kulturskule, samfunnssal og Lydkåken.
Tingvang er i ferd med å etablere seg som eit kultursentrum i kommunen. Summen av all aktivitet og tilbod, kulturlokale og anlegg er samla under paraplyen Tingvang kulturarena.
I løpet av 2021 vert uteområdet ved Gapahuken ferdigstilt med plen, asfalterte gangstiar og belysning. Uteområdet omfattar skatepark på 400m2 i betong, konsertamfi og sceneplatting med plass til 300 tilhøyrarar.
Huset er utstyrt med ulike typar aktivitetsutstyr;
- Biljardbord
- Bordtennis
- Scene
- Konsertanlegg
- Brettspel
- Play Station
- Lerret med projector
- 50 klappstolar for filmframvisning, kurs eller seminar
- Eige kjøken med alle kvitevarar og kioskluke
Bygget er universielt utforma og har publikumskapasistet på inntil 180 personar.
Bygget er tilgjengeleg for kommunen sine verksemder, skuleklassar, samt frivillige lag og organisasjonar som ynskjer å drive fast aktivitet eller enkeltarrangement.
Arrangørar frå Øystre Slidre som fell innafor desse kategoriane, kan nytte Gapahuken vederlagsfritt til sine aktivitetar.
Komersielle aktørar og grupper frå andre kommunar kan leige bygget til arrangement, kurs og møter.
For informasjon om leige og prisar, kontakt:
Bygget er ikkje tilgjengeleg for private arrangement, t.d. fødselsdagsfeiring, konfirmasjon og bryllaup.
Gapahuken har modellbasert konsertscene på 16m2, med fast installert lyd- og lysanlegg. Bygget har gode akustikktilhøve for forsterka musikk.
Kulturkontoret i kommunen arrangerer jamnleg konsertar i Gapahuken innan ulike sjangrar, og for ulike aldersgrupper. Band og artistar kan gjerne sende førespurnad om å spele i Gapahuken. Det er og mogleg å leige bygget med utstyr og teknikar, om ein ynskjer det.
Konsertar vert gjort offentleg på kommunen sine heimesider og på Gapahuken si facebook-side.
Bygget kan leigast ut til kommunen sine verksemder, skuleklassar, samt frivillige lag og ideelle organisasjonar som ynskjer å drive fast aktivitet, eller enkeltarrangement.
Me tilbyr og utleige av konsertscene med eller utan lyd/lydutstyr etter avtale.
For informasjon om leige og prisar, kontakt:
- skatepark, konsertamfi, bibliotek, samfunnssal
Tingvang er i ferd med å etablere seg som eit kultursentrum i kommunen. Summen av all aktivitet og tilbod, kulturlokale og anlegg er samla under paraplyen Tingvang kulturarena.
I løpet av 2021 vert uteområdet ved Gapahuken ferdigstilt med plen, asfalterte gangstiar og belysning. Uteområdet omfattar skatepark på 400m2 i betong, konsertamfi og sceneplatting med plass til 300 tilhøyrarar.
Skateparken og uteområdet er ope for fri bruk.
Lydkåken Rockeverkstad er eit studio- og øvingslokale for lokale band og musikarar. Tilbodet er drifta av foreininga Lydkåken Rockeverkstad. For info; sjekk facebook.com/lydkaaken