Rapportering av alkoholomsetjing

Jf. alkoholloven sin § 7-1 skal det for løyve til sal av alkoholholdig drikk utanom Vinmonopolet og til skjenking av alkoholholdig drikk betalast eit årleg løyvegebyr. § 6-2 i alkoholforskrifta gir gebyrsatsane.

Oppgåve over omsatt mengde alkoholholdig drikk er grunnlaget for berekning av løyvegebyret. Etter utgangen av året skal løyvehavar sende inn oppgåve over faktisk mengde omsatt alkohol.

Ved opphør eller sal av verksemda, skal omsetjingsoppgåve sendast inn så snart endeleg tal ligg føre. Det er talet på liter omsatt alkohol som skal rapporterast inn.

Omsetjingsoppgåver frå leverandørar skal sendast inn saman med skjemaet.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 55