Salsløyve for alkohol

Beskriving

Personar eller verksemder som ønskjer å selje og utlevere alkoholhaldig drikk for drikking utanfor utsalsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Det blir ikkje gitt løyve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet blir gjeve for maksimum fire år om gongen.

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan for eksempel skje ved skifte av styrar og avløysar, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar skal du melde frå om til løyvemyndigheita. Større endringar kan føre til krav om nytt løyve. Løyvet fell bort dersom verksemda blir overdradd til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheita er underretta om det. Det må søkjast om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Kriterium

Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stiller.

Pris

2024 - Betalingssatsar - skjenkeløyve, salsløyve, kunnskaps- og etablerarprøve
Teneste Pris
Løyvegebyr, kunnskapsprøver og tilsynsavgift tobakk Prisar frå 01.01.2024

Handsaming

Når kommunen har fått søknaden, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyvet blir gjeve etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Vedlegg

  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest

Rettleiing

Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

Aktuell lover

Her kan du lese alkoholloven på lovdata.no

Her kan du lese alkoholforskrifta på lovdata.no

Oppdatert

29.09.2017 15:56:39

Handsamingstid

Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76