Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Skjenkeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

Beskriving

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkeløyve.

Løyve treng du normalt ikkje ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så lenge det ikkje blir tatt betalt for drikke. Men all servering av alkohol mot vederlag krev at du har løyve.

For visse typar lokale, stader og samanhengar blir det som hovudregel kravd løyve for servering av alkohol, sjølv om det skjer utan vederlag. På slike stader er det òg forbode å drikke alkohol, med mindre det skjer i samsvar med eit innvilga skjenkeløyve, jf. § 8-9. T.d. serveringsstader, lokaler som vanlegvis er tilgjengelege for alle, forsamlingslokaler og utstillingslokaler. 

  • Ambulerande skjenkeløyve er ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkestad og gjeld berre skjenking i slutta selskap. Slikt løyve blir ofte gjeve til selskapslokale.
  • Løyve for eit enkelt, bestemt høve gjeld berre til bestemte hendingar/arrangement som for eksempel opne festar,  festivalar og dansetilstellingar. Slikt løyve kan gjevast anten som alminneleg løyve eller løyve til slutta selskap.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

Varsel til politiet

Dersom du skal ha eit arrangement på offentleg stad må du søkje eller melde i frå til politiet.

Søkje politiet

Du må søkje til politiet dersom arrangementet har eit omfang som openbart medfører beov for betydelege reguleringar av ferdsel eller vakthald, t.d. festivalarrangement. 

Du må søkje minst fire veker før arrangementet startar. Ved større arrangement bør søknaden sendast allereie når planlegginga startar. 

Søknad sendast inn elektronisk via politiet sin nettside

Melde frå til politiet

Du skal melde frå til politiet når du har planar om eit arrangement på offentleg stad, eller om arrangementet er allment tilgjengeleg, ope for alle, t.d dansefestar, quizkveld og konsertar. Ut i frå arrangementet sin art og storleik vil politiet setje vikår for gjennomføring og vurdere behov for vakthald. 

Du må melde i frå minst to veker før arrangementet startar.

Melding sendast inn elektronisk via politiet sin nettside

Kriterium

All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkjestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.

Pris

Handsaming

Søkjer du om skjenkjeløyve for eit enkelt, bestemt høve, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta. Du får skriftleg melding om vedtaket. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Vedlegg

Legitimasjon

Rettleiing

Du må sende skriftleg søknad til løyvemyndigheita god tid før arrangementet skal vere. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande må gjere seg kjend med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.

Oppdatert

29.09.2017 16:11:39

Handsamingstid

Behandlingstida er til vanleg éi veke.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76