Bonden sitt nettverk i Øystre Slidre

“Bonden sitt nettverk” er eit samarbeid mellom faglaga, veterinærane, avløysarlag, psykisk helseteam i kommunen og landbrukskontoret.

Bønder opplever dei same utfordringane som folk flest, som endring i livssituasjonen, sjukdom, stress og vanskeleg økonomi. Slike hendingar kan opplevast vanskeleg og kan gje negative tankar. Dette kan til tider være krevjande for mange og det er lett å kjenne på at ein ikkje strekk til. Då er det viktig å ha nokon å prate med og kunne ta opp det som er utfordrande.

Målet med «Bonden sitt nettverk» er å gje bonden ein tryggare kvardag, og gjere terskelen for å be om hjelp lågare. Bonden eller pårørande kan ta kontakt med nettverket for å få hjelp til å løyse ulike problem og utfordrande hendingar. «Bonden sitt nettverk» kan også ta kontakt med bonden for å prate om korleis det står til. Nettverket skal prøve å løyse utfordringar på eit tidleg tidspunkt, for å hindre ei større krise.

Det er også organisert ei ressursgruppe med fagpersonar med ulik kompetanse. Her er representantar frå rekneskapskontor, faglag, meieri, slakteri, avløysarlag, psykisk helse og veterinærar.

Alle som søkjer produksjonstilskot vil få tilsendt ein plakat med aktuelle kontaktpersonar. Denne kan henge på fjøsdøra eller på ein eigna plass. Alle får også tilsendt ein magnet, påført kontaktpersonar, og denne kan hengast på kjøleskåpdøra. Vi håpar du ser nytten av denne. Då vil du og din familie, eller andre, til ein kvar tid vita at det er nokon ein kan kontakte om det røyner på. Det er betre å ta ein telefon for mykje enn ein for lite. Om ikkje anna så ring naboen eller ein venn.

Dei som har sagt ja til å stå med sine telefonnummer på plakaten har absolutt teieplikt overfor tredje person. Det er berre du, eller den som ringer på vegne av deg, som kan gje løyve til å be om hjelp frå andre instansar.

Ta kontakt når det måtte vera. Vi er tilgjengelege for deg!

Bonden sitt nettverk kontakter
Kontakt Telefon
Landbrukskontoret 90 92 63 39
Valdres Veterinærsenter 61 35 05 55
Valdres Landbrukstjenester 90 06 43 16
Bondelag v/Arnfinn Beito 99 03 75 25
Bonde- og småbrukarlaget v/Anne Knutsdotter 40 58 60 60
Lege Marit Tuv 97 56 66 47
Psykisk helseteneste (vekedagar kl.08-15) Stine Bjerke/Stine Standerholen 99 39 89 52/90 51 47 53