Avløpsslam til jordbruk

Slam eignar seg særleg godt på nydyrka jord og jord med lågt moldinnhald, og kan tilførast ved etablering/fornying av eng. Bruk av slam skal meldast til kommunen på eige meldeskjema seinast to veker før brukaren mottek slam for lokal lagring eller bruk. Areal du ynskjer å bruke slam på skal merkast av på kart.

Slam kan ikkje spreiast på eng/beite utan nedmolding eller på areal der det skal dyrkast grønsaker, potet, bær eller frukt dei tre påfølgjande år etter spreiedato.

På jordbruksareal kan det maksimalt spreiast 2 tonn turrstoff per dekar kvart 10. år.

Avløpsslam skal moldast ned innan 18 timer etter spreiing.

Som hovudregel skal organiske gjødsel-varer spreiast i vekstsesongen, helst om våren.

Lagring av slam skal gjerast slik at det ikkje er fare for avrenning, og skal ikkje forårsake unødige luktulemper

Kontaktinfo

Gustav Fystro
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 61 35 25 23