Skogfond

Skogfond er ei lovpålagd fondsavsetjing for skogeigar ved hogst og sal av tømmer og biobrensel. Fondsmidlane skal bidra til å sikre investeringar i skogen og ei berekraftig forvalting av skogressursane. Eigedomar med produktivt skogareal større enn 10 dekar skal ha sin eigen skogfondskonto. Pengane på skogfondskontoen følgjer skogeigedomen og høyrer til skogeigar.

Skogfond kan mellom anna nyttst til:

  • Skogkulturtiltak (planting, såing, flaterydding, ungskogpleie, m.m.)
  • Skogsvegar (nybygging, opprusting, årleg og periodisk vedlikehald)
  • Skogbruksplan

Rettleiar om skogfond

Rettleiar om skogfond syner reglar og nyttige tips om avsetjing til og bruk av skogfond.

Rettleiar om skogfond finn du her

Refusjonskrav

For å få utbetalt midlar frå skogfondet må skogeigaren sende inn eit refusjonskrav til kommunen. Dette kan først gjerast etter at tiltaket er gjennomført og kostnadene er dokumenterte. Refusjonskravet skal vere godt dokumentert.

Refusjonskravet må sendast til kommunen innan eitt år etter utgangen av kalenderåret då investeringa vart gjennomført.

Søknadsskjema finn du i skogfondssystemet i Altinn eller på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kommunen.

Kontaktinfo

Nina Karoline Svensrud
Rådgjevar landbruk og utmark