Utmark og beitebruk - Øystre Slidre kommune

Utmark og beitebruk

Beitesesogen 2026 er i gang.  Øystre Slidre kommune vil med dette informere om reglar som gjeld for alle som oppheld seg i utmark og i fjellet, og kva du skal gjere dersom du finn skada eller døde beitedyr.

Bandtvang og omsyn til folk, beitedyr og vilt

Bandtvang i Øystre Slidre kommune gjeld i perioden 1. april til og med 30. september. I denne perioden skal hundar haldast i band eller vere forsvarleg inngjerda. I område med beitedyr og sårbart vilt er dette særleg viktig.

Lokal forskrift finn om hundehald finn du her: Forskrift om hundehald, Øystre Slidre kommune, Innlandet - Lovdata

Observasjon av skada eller døde beitedyr

Ved funn av skadde eller døde dyr, ta kontakt med eigar. Dersom du ikkje veit kven eigaren av dyret er, kan du ta kontakt med landbruksrådgjevaren sin vakttelefon i beitesesongen, tlf 90926339. Vakttelefonen er open 8-21 i kvardagar, og 8-18 i helger. Du kan alltid sende ein sms.

Ved observasjon ber vi at det vert notert følgjande informasjon:

  • Posisjon, gjerne kartfestet med UTM-koordinantar.
  • Ta gode bilete, både nærbilete og bilete som syner kadaveret eller det skadde dyret i eit litt større område.
  • Om ein ikkje veit eigar, noter farge og nummer på øyremerke og klave (bjølla), og kontakt vakttelefonen.

 

Gjerde og inngjerding

I mange hytteområde er det avgrensingar for oppføring av gjerde. Dette heng saman med omsyn til:

  • Beitedyr og dyrevelferd (dyr vert hengande fast og dør i gjerder).
  • Fri ferdsel i utmark.
  • Landskap, natur og allmenn bruk.

 

Sau på beite i fjellet - Klikk for stort bilete Malin Kyrkjeeide Neteland

Straumgjerde er som hovudregel ikkje tillate ved fritidsbustader, og inngjerding utover det som er fastsett i reguleringsplan eller kommuneplan er ikkje tillate utan særskilt løyve. Der straumgjerde lovleg kan setjast opp skal det vera kopla på straum, ha dagleg tilsyn og haldast i forsvarleg stand. Me oppmodar alle hytteeigarar om å setja seg inn i kva reglar som gjeld for sitt område.


 

Kontaktinfo

Vaktelefon skada eller døde beitedyr
Mobil 90 92 63 39

Vakttelefonen er ope i beitesesongen.
8-21 på kvardagar og 8-18 i helger. 
Du kan alltid sende ein sms.