Attraksjonar og opplevingar

I Øystre Slidre er det fleire spennande attraksjonar å besøke. I tillegg er det eit rikt aktivitet- og opplevingstilbod.

Hegge stavkirke datert til 1216 er ei kyrkje som framleis er i bruk. Den har utskårne portalar frå middelalderen, og innei kyrkjerommet finn ein originale stavar som har utskårne ansiktsmasker øvst. Ein av stavane har runeinnskrift.
Frå 01.07 til 15.08 er kyrkja open 12-18 på laurdagar, gratis inngang.

Valdresflye er nasjonalturistveg, som går mellom Garli og Hindsæter. Strekninga er på Her får ein følelsen av å «sveve» over fjellvidda med nydelig utsikt mot fleire fjelltoppar. Valdresflye er eit flott utgangspunkt for fleire fine turar. Vegen er stengt deler av vinteren.

Alle fjella i Øystre Slidre er ei oppleving i seg sjølv.

Valdres skiferbrud er eit steinbrot i Rogne, der det blir hogga ut skiferstein. Her har ein henta ut skifer sidan 1800-talet. For over 200 år sidan var skiferbrotet den viktigaste arbeidsplassen i Øystre Slidre.

Olestølen mikroysteri er ein støl som ligg ved Olevatn, 15 min nordaust for Beitostølen (bomveg). All mjølka frå geitene blir foredla på «mikroysteriet» på stølen og det er moglegheit til å kjøpe produkta på stølen.

Beito Aktiv tilbyr guida aktivitetar, mellom anna fjellklatring, juvhopping, fjellturar og fiskeguiding og mykje meir. Dette er aktivitetar som føregår i og rundt Langsua og Jotunheimen nasjonalpark, meir info finn ein her. Beito Aktiv har fysisk tilhald i Velkomstsenteret på Beitostølen. Her er også turistinformasjonen lokalisert, og ei lita utstilling og informasjon om Langsua nasjonalpark som kommunen, som nasjonalparkkommunen står for.

Beito husky tilbyr hovudsakleg aktivitet med huskyar, sledekøyring på vinteren og slede med hjul på sommaren, men også guida kveldsturar i kano, eller fjellturar med huskysherpa for å nemne noko. Meir informasjon finn ein her

Myhre Gard tilbyr mellom anna turriding, fòring og stell av dyr og rideleirar. Meir informasjon her.

Moahaugen gard ligg i Heggenes og sel lokal gardsmat produsert frå eigne dyr. Dei sel og anna lokalprodusert mat frå Valdres. Meir informasjon og plassering finn ein her.