Skiløyper i Øystre Slidre

Øystre Slidre kommune har eit omfattande løypetilbod som dekkjer alle sine ønskje uansett ferdigheiter og værtilhøve. Kommunen er delt inn i løypelag som sørgjer for preparerte skiløyper både i kulturlandskapet nede i bygda, såvel som flotte panoramautsiktsløyper i høgfjellet. 

For infomasjon om kva for løyper som er preparerte - sjå løypelaga sine heimesider eller skisporet.no

Det svært gode skiløypetilbodet i kommunen er også resultat av stor dugnadsinnsats frå mange friviljuge. Kommunen har prioritert dette området gjennom utarbeiding av løypeplan og har rolla som koordinator og tilretteleggar. Gjennom samordning av ressursane og utvikling av felles merke og infosystem ligg kommunen godt an i høve til å bli ’best’ på skiløypeproduktet.

For å kunne sikre eit best mogleg tilbod til alle, er løypelaga avhengig av friviljug finansiering frå private og bedrifter til drift og preparering av eit det svært omfattande løypenettet.