Deling av eigedom

Ynskjer du å dele eigedomen din (skilje ut ei tomt), må du søke om frådeling og oppretting av eigedom. Då blir det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer.

Oppretting av eigedom skjer gjennom to trinn:

  1. Løyve til oppretting av eigedom skjer etter plan- og bygningslova og eventuelt jordlova. Saksbehandlingsfrist er 12 veker frå kommunen har mottatt komplett søknad.
  2. Delingsløyvet blir gjennomført etter matrikkellova gjennom ein oppmålingsforretning. Her blir grensepunktene merka, nye grenser registrert i eigedomsregisteret (Matrikkelen), og nytt gards- og bruksnummer tinglyst.

Deling av jordbrukseigedom

Kommunen har vedteke retningliner for deling av jordbrukseigedom.

Retningslinene for deling av jordbrukseigedom finn du her (PDF, 91 kB)

Saksbehandlingstid:

Saksbehandlingsfrist er 16 veker. Kommunen har vinterforskrift i perioden 01.11-15.05, som vil si at for gjennomføring av oppmålingsforretningar i denne perioden gjeld ikkje 16-vekers fristen.

Etter at det er gitt løyve til deling går saken automatisk vidare til oppmåling, med mindre ein søker om utsetting av oppmålingsforretningen.

Kontaktinfo

Martina Böhme
Arealplanleggjar
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 97 33 51