Det er planlagt at takseringa skjer i løpet av 2026 (hausten) og 2027, og nye eigedomsskattetakstar vil gjelde frå og med skatteåret 2028. Bakgrunnen for vedtaket er at det har gått ti år sidan førre allmenne taksering, og at eigedomsskattelova seier at det skal vere ei allmenn taksering i kommunen kvart tiande år.
Kva er allmenn taksering?
Allmenn taksering inneber at alle eigedomar som er skattepliktige, vert vurdert på nytt for å fastsetje eit oppdatert takstgrunnlag for eigedomsskatt.
Taksten skal svare til ein varsamt fastsett marknadsverdi, det vil seie den prisen ein normalt kan rekne med å få ved fritt sal av eigedomen. Jf. eigedomsskattelova § 8 A-2.
Den allmenne takseringa fastset berre eigedomstaksten. Eventuelle endringar i eigedomsskatt kjem som følgje av eigne politiske vedtak om skattesatsar og eventuelle botnfrådrag på eit seinare tidspunkt.
Kvifør gjennomfører kommunen ny taksering?
- Det er lovkrav om allmenn taksering kvart tiande år, jf. eigedomsskattelova sin § 8 A-3 (2).
- Noverande takstar er frå 2017, med verknad frå 2018.
- Marknadsverdi på bustadar, fritidsbustadar og andre eigedomar har endra seg i løpet av ti år.
- Ny taksering skal bidra til rettferdig og lik handsaming av eigedomar.
Takstane skal som hovudregel liggje fast i ti år etter ny allmenn taksering.
Når skjer dette?
Slek vert takseringa gjennomført
Takseringa skjer etter faste rammer og retningliner. Sakkunnig takstnemd har ansvar for takseringa. Alle skattepliktige eigedomar blir synfarte føresett at det ikkje er gjennomført synfaring av ny takst i samband med byggeløyve/ferdigstilling i løpet av 2026-2027.
Takseringa er sjablongbasert og tek omsyn til:
- Eigedomstype.
- Storleik og standard.
- Plassering.
- Bruk av eigedomen.
Kommunen vil nytte både eigen fagkompetanse og innleigd kompetanse, sistnemnde særleg ved taksering av meir komplekse eigedomar som næringseigedomar.
Synfaring vil i hovudsak skje utvendig. Det er som regel ikkje naudsynt at eigar er til stade. Dersom det i særskilde høve vert aktuelt med innvendig synfaring, vil eigar bli kontakta på førehand.
Takseringa er sjablongbasert og tek i utganspunkt i generelle prisnivå for ulike eigedomstypar og område. Dette er for å sikre likehandsaming av eigedomar i kommunen.
Kva betyr dette for deg som eigar?
- Eigedomsskatten i 2026-2027 vert ikkje påverka.
- Nye tastar får først verknad frå 2028.
- Ny takst er avhengig av utviklinga og tilhøyva for den enkelte eigedom.
Kan eg klage?
Ja. Når ny eigdomsskattetakst er fastsett vil alle eigarar få skriftleg melding om taksten (skattetakstsetel). Kommunen gir og informasjon om klagerett og klagefrist. Handsaming av klager følgjer reglane i eigedomsskattelova.
Viktig å vite
Takseringa gjeld alle skattepliktige eigedomar i kommunen. Kommunen dekkjer kostnadane ved sjølve takseringa. Takstnemda arbeider uavhengig av politiske organ. Prinsippet om likebehandling er grunnleggjande i eigedomsskatten. Det er sakkunnig takstnemd som fastset takstane, kommunestyret kan ikkje instruere tastnemda i enkeltsaker.
Øystre Slidre kommune vil informere fortløpande om framdrift i arbeidet, synfaring, klagerett og klagehansaming.
Her finn du vedtaket gjort av kommunestyret i sak 04/26 Ny allmenn taksering av eigedomar i Øystre Slidre kommune
Har du sprøsmål?
Ta kontakt med eigedomsskattekontoret om du har spørsmål om ny allmenn taksering.
E-post: eigedomsskatt@oystre-slidre.kommune.no, tlf. 468 05 278.