Informasjon om taksering

Faktainformasjon om eigedomen  blir henta frå det sentrale matrikkelregisteret. Matrikkelen inneheld  data om grunneigedommar, eigar, adresser, bygningar og det grafiske bildet av eigedomen. Registreringar i Matrikkelen skjer i henhald til føringsinstruksen utgitt av Kartverket.

For å sikre at vi har korrekte opplysningar  med omsyn til utvendig bygningsstandard og areal (BRA) relatert til bygningane er det gjennomført synfaring av eigedomane i kommunen..

I samband med synfaringa  er det i første rekke desse opplysningane vi  nyttar frå Matrikkelen:

  • Eigedomsidentifikasjon (gardsnummer, bruksnummer, festenummer, seksjonsnummer)
  • Type eigedom
  • Kva bygningar som er oppført på eigedomen
  • Areal per etasje på bygningane
  • Antall brukseiningar (bustad, fritid, næring osv) per eigedom

Når det gjeld areal på bygningar, tar ein utgangspunkt i bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet innanfor ytterveggene på bygningen. Arealet blir målt  for kvar etasje i bygningen. Vi grupperer etasjane i:

  • Kjelleretasje
  • Underetasje
  • Hovudetasje(r)
  • Loftsetasje

Vil du vite mer om Matrikkelen, finn du informasjon på kartverket sine nettsider.

Kontaktinfo

Elin Dokken Myhre
Økonomisjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 45 21 19 72