Fasadeendring, veranda, platting

For denne type byggeprosjekt gjeld desse reglane:

Fritak for søknadsplikt - meldepliktig

Fritaket gjeld berre når tomta/eigedomen ligg i eit område som har reguleringsplan, eller er avsett til byggeområde i kommunens arealdel.

  • Mindre veranda med høgde meir enn 0,5 m over ferdig planert terreng og bebygd areal (BYA) ikkje over 15 m2.
  • Tiltaket kan plasseras inntil 4 m frå nabogrense.

(Platting med høgde inntil 0,5 m er ikkje meldepliktig, men må være i tråd med plan).

Søknad utan ansvarsrett

  • Veranda med en høgde over 0,5 m over ferdig planert terreng, og med bebygd areal (BYA) som ikkje er over 50 m2 som tilbygg eller 70 m2 frittliggande på bebygd eiendom.
  • Tiltaket kan plasserast inntil 4 m frå nabogrense. Ynskjer ein å bygge nærare må nabo signere på erklæringsskjema.

Søknad med ansvarsrett

  • Veranda med høgde over 0,5 m over ferdig planert terreng, og med bebygd areal (BYA) som er over 50 m2 som tilbygg eller 70 m2 frittliggande på bebygd eiendom.
  • Alle balkongar (Definisjon balkong: open bygningsdel plassert framfor dør, utkraga frå vegg, opphengt, utan understøtte, omgitt av eit rekkverk.)
  • Tiltaket kan plasserast inntil 4 m frå nabogrense. Ynskjer ein å bygge nærare må nabo signere på erklæringsskjema.

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00
Tore Østlund
Byggesaksbehandlar
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 46 89 77 85