Garasje/uthusDesse reglane gjeld om byggeprosjektet gjeld garasje eller uthus:Friteke for søknadsplikt - meldepliktigFritaket gjeld berre når tomta/eigedomen ligg i eit område som har reguleringsplan, eller er avsett til byggeområde i kommunens arealdel. Bebygd areal - BYA eller bruksareal (BRA) - kan ikkje være over 50 m2. Bygget må være frittliggande. Eigedommen må være bebygd. Bygningen kan ikkje brukast til å bu i. Mønehøgda kan ikkje være over 4 m, og gesimshøgde ikkje over 3 m (målt frå ferdig planert terrengs gjennomsnittshøgde) Bygningen kan ha ein etasje (ikkje kjeller). Bygningen kan plasserast inntil 1 m frå nabogrense. Hugs at tiltaket må være i tråd med planen (arealformål, størrelse, byggegrense osv.) Eksemplar: garasje til bustadhus der eigedommen er regulert til bustadføremål og uthus til landbruksføremål i LNF-område er unntatt søknadsplikt. Sjå retteleiaren "Korleis søkje"Søknad utan ansvarsrett Frittliggande bygning som ikkje skal nyttast til å bu i , og der korkje bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m2. Bygningen kan oppføras i inntil ein etasje. Bygningen kan i tillegg være underbygd med kjeller, men utan at kjeller blir rekna med i BRA for bygningen. Bygningen kan ha loft så lenge loftet ikkje blir rekna som etasje (jfr. byggteknisk forskrift § 6.1). Bygningen kan plasserast inntil 4 m frå nabogrense. Ønskes det å bygge nærare må nabo signere på erklæringsskjema. Sjå retteleiaren "Korleis søkje"Søknad med ansvarsrett Frittliggande bygning der bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m2. Bygningen kan plasseras inntil 4 m frå nabogrense. Ønskes det å bygge nærmare må nabo signere på erklæringsskjema. Sjå retteleiaren "Korleis søkje" Sist endra 28.01.2026 14.19