ProsjektportalHer finn du informasjon om planlagte og pågåande prosjekt for veg, vatn, avløp og bygg. Informasjonen vil bli fortløpande oppdatert. Vatn og avløpsutbyggingVA Skogaplassen MørstadInfo kjem. VA Nordtorp høgdebassengTeknisk drift jobbar med å byggje framtidig vassforsyning i kommunen. Målet er å forsyne flest mogleg av innbyggjarar og deltidsinnbyggjarar med reint vatn av høg kvalitet. Vassforsyningsområda i nord (Olevatn) og i sør (Mellsenn) skal på sikt knytast saman og gje ei høg grad av forsyningstryggleik. Eit viktig steg er etableringa av eit nytt høgdebasseng ved Nordtorp (735 moh). I fyste omgang skal bassenget fyllast med vatn frå Olevatn. Prosjektet skal sikre tilstrekkeleg mengd sløkkjevatn til Hegge stavkyrkje og etter kvart forsyne sentrale viktige kundar i Heggenes sentrum som Helsetunet, Tingvang og ungdomsskulen i tillegg til kommunale abonnentar. Mellombels skal det vere mogleg å forsyne høgdebassenget med vatn frå både Olevatn og Mellsenn etter behov. Heile anlegget er prosjektert med sjølfall, slik at høgdebassenget leverer vatn også ved langvarig straumbrot.Anleggsarbeidet er i gang og bassenger skal være ferdig i løpet av hauseten 2026.Nye Nedrefoss reinseanleggØystre Slidre kommune bygger nytt reinseanlegg ved Nedrefoss. Anlegget prosjekteres med ein kapasitet på 25 000 pe og byggestart er planlagt våren 2025. Reinseanlegget skal erstatte eksisterande reinseanlegg ved Nedrefoss, og avlaste Beito reinseanlegg. På sikt vil nye Nedrefoss reinseanlegg behandle avløpsvatn frå store deler av Øystre Slidre kommune. Nærmiljøanlegg Kommunale vegarFinntøppvegen, Tjednbakkvegen og fortau ved Beitestølsvegen. Kommunen vil starte eit omfattande arbeid med oppgradering av Finntøppvegen, Tjednbakkvegen og fortau ved Beitestølsvegen. Heile vegkroppen skal masseutskiftast og få nytt dekke. Vegbanen skal breiddeutvidast til 6 meter køyrebane, som også skal få etterlengta asfaltdekke. Det skal etablerast fortau parallelt med vegbanen, med lyspunkt langsmed fortauet.Fleire stikkrenner langs Finntøppvegen og Tjednbakkvegen skal skiftast ut og oppgraderast.Ny trase for skiløype skal opparbeidast frå Finntøpplie skibru og opp feltet i Solbakkin.Det blir også etablert ein haldeplass for buss langs Finntøppvegen, like ved Finntøpplie Skibru. Her ynskje også VKR at det skal etablerast eit nytt renovasjonspunkt med nedgravne dunkar.Prosjektet er igang og vil gå over fleire år. Publisert 22.12.2023 08.43