Status for utbygginga av Tjednbakkvegen på Beitostølen
Arbeidet har hatt god framdrift, og fleire viktige delar av prosjektet er no gjennomførte. Samstundes står det framleis att mykje arbeid før anlegget kan ferdigstilast. Mykje av grunnarbeida er godt i gang, men på sjølve Tjednbakkvegen står det framleis att omfattande masseutskifting før endeleg oppbygging av vegkroppen kan fullførast. Deretter vil veg og fortau bli asfalterte i løpet av hausten.
Det blir ei pause i prosjektet no før Trollrock rullar i gang.
Musikkfestival og framkomelegheit
Om kort tid blir det arrangert musikkfestival ved skistadionområdet. Dette vil føre til auka trafikk og mange besøkande i området.
Sjølv om vegen vil vere open og tilgjengeleg, må publikum vere merksame på at området framleis ber preg av å vere under utbygging. Vi oppmodar alle om å følgje skilting og om å vise omsyn til andre trafikantar.
Støvplager i tørre periodar
I samband med anleggsarbeidet har det i periodar vore utfordringar med støv frå grusvegen. Kommunen og entreprenøren har forsøkt å redusere støvplagene gjennom både salting og vatning av vegbanen. Likevel kan det oppstå støv ved trafikk, særleg i tørre og varme periodar.
Vi har forståing for at dette kan vere til ulempe for dei som bur eller oppheld seg langs vegen, og vi takkar for tolmodet som er vist medan arbeidet går føre seg.
Målet er å vere ferdige til Beitosprinten
Oppgraderinga av vegen til skistadion er eit viktig tiltak for å styrkje infrastrukturen i eit område som er mykje brukt både til idrett, friluftsliv, arrangement og reiseliv.
Etter sommaren vil arbeidet halde fram med mellom anna asfaltering av veg og fortau og ferdigstilling av tilhøyrande anlegg. Kommunen har som mål at prosjektet i all hovudsak skal vere ferdigstilt innan Beitosprinten går av stabelen i november.
Når prosjektet er ferdig, vil området få ei oppgradert og meir framtidsretta løysing som kjem både fastbuande, næringsliv, arrangement og besøkjande til gode.
Øystre Slidre kommune ønskjer å takke naboar, grunneigarar, brukarar av området og andre trafikantar for tolmodet og samarbeidet gjennom anleggsperioden.
Vi ser fram til å ferdigstille prosjektet og tilby ei betre løysing for alle som nyttar området.
Tjednbakkvegen
Ragnhild Rogne
Juli 2026

Prosjektet vil vare ut året 2026.