VassmålaravlesingØystre Slidre kommune har to ulike system for avlesing av vassmålarar. Dei fleste abonnentar har automatisk avlesing, desse treng ikkje å lese av vassmålaren sjølv. Dei resterande abonnentane må lese av og sende inn vassmålarstanden ein gong per år.Kommunen vil sende ein SMS til dei abonnentane som skal lese av vassmålaren sjølv (ein SMS per målarnummer). Meldinga blir sendt ut i første halvdel av desember. Telefonnummer blir henta frå våre system, Difi sitt kontaktregister, eller frå opplysningstenesta 1881. Denne SMS-en skal besvarast med målarstand (dei som har fleire målarnummer må passe på å svare på rett SMS).Gebyr - prissatsar vatn og avlaupGebyrlista finn du herVasslekkasjeVasslekkasje kan være dyrt. Til og med ei kran som berre dryp langsamt kan bruke fleire tusen liter på eitt år. Ein WC kan lekke verkeleg mykje vatn, opptil fleire hundre tusen liter per år. Slike lekkasjar må du betale for. Difor er det lurt å gjere det til vane å kontrollere at det ikkje lek heime hjå deg. Steng alle kraner, og kontroller at ingenting rører seg på vassmålaren. Er det rørsle på vassmålaren når alle kraner er stengt: ring ein røyrleggar!Svarfristen vil stå i SMS-en. Sist endra 17.12.2025 12.08