Reguleringsplan - rett til å fremje forslagBeskrivingEin reguleringsplan blir utforma anten som områderegulering (som blir utarbeidd av kommunen) eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering, men forslaget må vere utarbeidt av fagkunnige. Detaljregulering er eit arealplankart med føresegner om bruk og vern i særskilde område. Planen gjev grunnlag for å avklare kva for byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet. Målgruppe Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter Kriterium Detaljregulering skal følgje opp hovudtrekk og rammer i arealdelen i kommuneplanen. Den blir eventuelt òg utarbeidd etter krav i ei vedtatt områderegulering Forslagsstillaren skal leggje til rette for medverknad frå dei som planen vedkjem, slik som barn og unge Risiko- og sårleiksanalyse skal utarbeidast for alle planar som gjeld utbygging For nokre planar vil det vere krav om konsekvensutgreiing. Det må i så fall utarbeidast eit eige planprogram som skal sendast på høyring og fastsetjast av kommunen før planforslaget blir utarbeidt Pris 2023 - 2.1.3 Behandling av privat planforslag (pbl 12-11)2023 - 2.1.3 Behandling av privat planforslag (pbl 12-11)BokstavKategoriBeløp/satsAArealuavhengig gebyr57 000 krI tillegg til arealuavhengig gebyr etter 2.1.3 A kjem følgjande arealavhengige gebyr:BTillegg per påbegynt daa over 10 daa for planareal frå 10 til 50 daa2 280 krCTillegg per påbegynt daa over 50 daa. Gjeld nytt areal med føremål etter pbl. § 12-5 nr. 1 og 21 280 kr KlageDersom planen blir avvist sjølv om han er i tråd med kommuneplanen, kan du krevje å få han lagt fram for kommunestyret. RettleiingDu må ta opp planspørsmålet i eit møte med kommunen før du kan setje i gang planarbeidet. Som forslagsstillar skal du kunngjere oppstart av planarbeidet i minst ei avis som til vanleg blir lesen på staden og gjennom elektroniske medium. Når planutkastet er utarbeidt i samsvar med kommunen sine krav, sender du det til kommunen. Kommunen tek over saka når planforslaget er vedteke sendt på høyring. Oppdatert29.09.2017 15:52:21 HandsamingstidKommunen skal ta stilling til om planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn eller avvisast innan tolv veker etter at forslaget er mottatt.