Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

Beskriving

Ein reguleringsplan blir utforma anten som områderegulering (som blir utarbeidd av kommunen) eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering, men forslaget må vere utarbeidt av fagkunnige. Detaljregulering er eit arealplankart med føresegner om bruk og vern i særskilde område. Planen gjev grunnlag for å avklare kva for byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet.

Målgruppe

Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter

Kriterium

  • Detaljregulering skal følgje opp hovudtrekk og rammer i arealdelen i kommuneplanen. Den blir eventuelt òg utarbeidd etter krav i ei vedtatt områderegulering
  • Forslagsstillaren skal leggje til rette for medverknad frå dei som planen vedkjem, slik som barn og unge
  • Risiko- og sårleiksanalyse skal utarbeidast for alle planar som gjeld utbygging 
  • For nokre planar vil det vere krav om konsekvensutgreiing. Det må i så fall utarbeidast eit eige planprogram som skal sendast på høyring og fastsetjast av kommunen før planforslaget blir utarbeidt

Pris

2023 - 2.1.3 Behandling av privat planforslag (pbl 12-11)

2023 - 2.1.3 Behandling av privat planforslag (pbl 12-11)
BokstavKategoriBeløp/sats
AArealuavhengig gebyr57 000 kr
I tillegg til arealuavhengig gebyr etter 2.1.3 A kjem følgjande arealavhengige gebyr:
BTillegg per påbegynt daa over 10 daa for planareal frå 10 til 50 daa2 280 kr
CTillegg per påbegynt daa over 50 daa. Gjeld nytt areal med føremål etter pbl. § 12-5 nr. 1 og 21 280 kr

Klage

Dersom planen blir avvist sjølv om han er i tråd med kommuneplanen, kan du krevje å få han lagt fram for kommunestyret.

Rettleiing

Du må ta opp planspørsmålet i eit møte med kommunen før du kan setje i gang planarbeidet. Som forslagsstillar skal du kunngjere oppstart av planarbeidet i minst ei avis som til vanleg blir lesen på staden og gjennom elektroniske medium. Når planutkastet er utarbeidt i samsvar med kommunen sine krav, sender du det til kommunen. Kommunen tek over saka når planforslaget er vedteke sendt på høyring.

Oppdatert

29.09.2017 15:52:21

Handsamingstid

Kommunen skal ta stilling til om planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn eller avvisast innan tolv veker etter at forslaget er mottatt.

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
Telefon 61 35 25 00