Eigedomsskatt - krav om omtaksering av eigedomBeskrivingÅ krevje omtaksering av ein eigedom vil seie at du i perioden mellom to alminnelege takseringar (som skjer kvart tiande år) ber om at eigedommen blir taksert på nytt. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for utrekninga av eiendomsskatt. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen. Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt. Målgruppe Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt. KriteriumOmtaksering skal skje dersom det har skjedd ei deling av eigedommen bygningar på eigedommen har brunne bygningar er blitt rivne eller liknande det er ført opp nye bygningar på eigedommen med ein pårekna verdi av minst kr 10 000,- Pris Når skatteytaren krev omtaksering, skal skattytaren dekkje kostnadene. SøknadsfristInnan 1. november året før skatteåret KlageDu kan klage (krevje overtakst) på ei omtaksering. Sjå eigen tenesteomtale av overtakst. RettleiingKravet om omtaksering skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret. Oppdatert28.09.2017 13:57:36