Eigedomsskatt - nedsetjing og ettergjevingBeskrivingDu kan søkje om å få sett ned eller ettergjeve eigedomsskatten dersom det har kome til forhold som gjer det svært urimeleg å krevje inn skatten. Døme på slike forhold er sjukdom, brann eller naturkatastrofar. Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt. Målgruppe Eigarar og brukarar av eigedommar som er ilagt eigedomsskatt HandsamingFormannskapet gjer vedtak om å setje ned eller ettergje skatten. KlageDet er ingen lovfesta rett til å klage. Du kan likevel søkje på nytt om du meiner at saka ikkje er utgreidd nok eller at situasjonen har endra seg. RettleiingNedsetjing kan skje etter søknad frå skattytaren. Kommunen kan òg setje ned skatten på eige initiativ. Oppdatert28.09.2017 13:58:04