Områdeplan for Størrtjednlie

Dette er ein plan for eit stort planområde vest for Beitestølsvegen og Carl-heisen. Planen skal legge til rette for store byggeområde og vise korleis desse skal koplast saman med ski-in, ski-out til alpinanlegget på Beitostølen. Det er tanken at skibru over fv51 ved Bjødnabakkadn, langrenns-skibru over Beitestølsvegen i Menkelie, parkeringsplassar i Menkelie og skiheis frå Menkelie til Carl-heisen vil bli omfatta av denne planen.

Planen er i ei tidleg fase. Digitalt kart som viser områdeavgrensing og alle journalførte dokument i saka finn du i plandialog, her, rettleiing i bruk av kartet finn du her. Alle journalførte dokument i saka finn du også i postjournalen, her.